Nytt om sonetten: Tradisjon og fornying i skandinavisk lyrikk

Authors

Ole Karlsen (ed)
University of Inland Norway
Fredrik Parelius (ed)
University of Bergen
Ingrid Nielsen (ed)
University of Stavanger

Keywords:

lyrikk, diktet, sonetten, sonett-sekvensen

Synopsis

Inga anna diktform deler det diktlesande publikum i to slik som sonetten. «Dei beste dikti i verda er sonettar, veit du!» sa Olav H. Hauge. Med like stor rett kallar versteoretikaren Hallvard Lie sonetten for «den bitrest forhånte av alle diktformer». Høgakta og ringakta på same tid – sonetten er gamal, men den lever vidare. I denne boka ser vi nærmare på den skandinaviske sonetten som ei levande form, som endrar seg og tek til, på ny, i ulike samanhengar, tider og livsverder. Vi ser også nærmare på sonett-sekvensen, ein sjanger som har følgd sonetten nesten frå byrjinga av og som framleis har evne til å endre og fornye seg.

Chapters

  • Forord
    Ole Karlsen, Ingrid Nielsen, Fredrik Parelius
  • «Nuns fret not at their convent’s narrow room».
    Om sonetten og sonett-sekvensen
    Ole Karlsen
  • Uærbødige sonettar frå A.O. Vinje til Jon Fosse.
    Riss av ein tradisjon i nynorsk dikting
    Stein Arnold Hevrøy, Kristian Lødemel Sandberg
  • Den performative sonetten
    Røyst og minnekultur hos Camilla Collett og Dagny Juel
    Fredrik Parelius
  • Vrangvendte og vrængende vers
    Om Henrik Nordbrandts sonetter og den moderne danske sonettradition
    Louise Mønster
  • En som vaggar och en som rusar
    Två svenska sonetter från 1900-talet
    Eva Lilja
  • «ekot dröjer efter fjärran världar»
    Om Gunnar Ekelöfs einaste sonett
    Ingrid Nielsen
  • Aslaug Vaa og den moderne sonetten
    Jan Inge Sørbø
  • Kattar i form. Ein studie av eit sonettmotiv med utgangspunkt i Ragnar Hovlands «Katte-sonette»
    Ingrid Skjerdal
  • «Du vart so lenge? kjem det»
    Tid og tidsforståing i Olav H. Hauges «Gullhanen»
    Hadle Oftedal Andersen
  • Karin Haugane og sonett-sekvensen: Oversyn, djupdykk
    Ole Karlsen
  • «Tanken bærer dem likevel som støv i en hånd»
    Om gjentaking og intertekstualitet i Karin Hauganes sonettkrans «Vårkransen» (2021)
    Eva Pitronová
  • Skrøpeleg diktar, skrøpelege sonettar
    Den sjølvbiografiske, forteljande sonettsekvensen i Pablo Llambías’ Monte Lema (2011), Hundstein (2013) og Sex Rouge (2013)
    Eirik Vassenden

Author Biographies

Stein Arnold Hevrøy, Haugesenteret

Stein Arnold Hevrøy, master i filosofi, konservator på Olav H. Hauge-senteret i Nynorsk kultursentrum. Han har publisert artiklar om poetane Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy, og om tenkarar som Friedrich Nietzsche og Gilles Deleuze. Er med i redaksjonsgruppa til Krabben – Tidsskrift for poesikritikk, og har vore redaktør for antologiane Å verte vâr verda att. Åtte tekstar om lyrikk (2020, sm. m. Ole Karlsen og Ingrid Nielsen) og Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege. Ti tekstar om lyrikk (2023, sm. m. Ingrid Nielsen og Fredrik Parelius).

Kristian Lødemel Sandberg, University of Inland Norway

Kristian Lødemel Sandberg, førsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskolen i Innlandet. Har forsket særlig på forfatterskapene til Kjartan Fløgstad og A.O. Vinje. Han har også publisert artikler om Ingeborg Refling Hagen og Dag Solstad.

Louise Mønster, Aalborg University

Louise Mønster, ph.d., dr.phil. og lektor ved Institut for Kultur og Kommunikation, Aalborg Universitet. Har mellom anna gitt ut Søg ingen sandhed her. Henrik Nordbrandts forfatterskab (2025), Digtoplæsning: Former og fællesskaber (2022, saman med H.K.S. Rustad og M.K. Schmidt), Ny nordisk. Lyrik i det 21. århundrede (2016), Mødesteder. Om Tomas Tranströmers og Henrik Nordbrandts poesi (2013) og Nedbrydningens opbyggelighed. Litterære historier i det 20. århundredes nordiske modernistiske lyrik (2009,) samt fleire antologiar og artiklar om dansk og nordisk litteratur. Redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Passage.

Eva Lilja, University of Gothenburg
Eva Lilja, professor emerita ved Institutionen för Litteratur, idéhistoria och religion, Göteborgs universitet. Lilja har fyrst og fremst arbeidd med å fornye nordisk metrikkforståing med det modernistiske frie verset i sentrum. Ho har skrive standardverket Svensk Metrik (2006) på oppdrag av Svenska Akademien. Ho har òg publisert ei rad bøker og artiklar om modernistisk poesi, særskilt Rhythm in Modern Poetry, Bloomsbury Academic 2024.
Jan Inge Sørbø, Volda University College
Jan Inge Sørbø, professor emeritus i nordisk litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda. Dr.philos. i 1998 på ei avhandling som samanliknar Arnold Eidslott med Theodor W. Adornos Minima moralia. Monografiar/essay/biografiar om Arnold Eidslott (1996), Ronald Fangen (1999), Alfred Hauge (2001), Hans Skjervheim (2002), Alexander Kielland (2005), Olav Aukrust (2009) og Arne Garborg (2015). Gav ut Nynorsk litteraturhistorie i 2018. Siste bok er Fire store (2021) om Hulda Garborg, Aslaug Vaa, Gro Holm og Marie Takvam. Har også skrive tre romanar og fire diktsamlingar.
Ingrid Skjerdal, University of Inland Norway
Ingrid Skjerdal, førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Innlandet. Ho har skrive om litterære møte mellom tradisjonskunst og modernisme, og interesserer seg mellom anna for folkedikting, poesi og songlyrikk.
Hadle Oftedal Andersen, University of Stavanger
Hadle Oftedal Andersen, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Stavanger, bokmeldar i Klassekampen. Har mellom anna utgitt bøkene Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge (2002), Kroppsmodernisme (2005), Bygdemodernisme. Tarjei Vesaas og dei ytste ting (2015), Modernisme for dei minste (2021) og Gullalder. Om norske rocketekstar 1979–1990 (2024).
Eva Pitronová, Volda University College
Eva Pitronová, førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda. Tidlegare forsking er knytt til Ellen Einans forfattarskap, fiktive og narrative lyrikklesingar, moderne manuskript og surrealisme. Siste publikasjon handlar om vandring og narrativitet i Synnøve Persens lyrikk.
Eirik Vassenden, University of Bergen
Eirik Vassenden, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Vassenden har skrive ei rekke artiklar om eldre og nyare litteratur, særleg om lyrikk, og har mellom anna gitt ut Skapelsens problem, Lesninger i Olav Nygards lyrikk (2007), Norsk vitalisme. Livsdyrking, ideologi og litteratur 1890–1940 (2012) og Kritikerens spøkelse. Om kunsten å felle smaksdommer i det 21. århundret (2023). Saman med Jørgen Sejersted står han bak Lyrikk. En håndbok (2011). Han har redigert fleire antologiar og vore (med-)redaktør i Vagant, Edda og Norsk litterær årbok.

References

Sonetten Cover

Downloads

PDF chapters

Published

21 September 2026

How to Cite

Karlsen, Ole, Fredrik Parelius, and Ingrid Nielsen, eds. 2026. Nytt Om Sonetten: Tradisjon Og Fornying I Skandinavisk Lyrikk. Oslo, Norge: Novus forlag. https://omp.novus.no/index.php/novus/catalog/book/49.