Her må då ordi koma: Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting
Keywords:
Olav H. Hauge, tradisjon og fornying, intertekstualitet, Hauge og det norrøne, berg og bergtaking, Hauge og Aukrust, poetiske rom og poetisk tenking, dikting og sanning, gnomisk dikting, boksamling, krig og verdslitteraturSynopsis
I 2024 er det 30 år sidan Olav H. Hauge døydde, og sjølv om forfattarskapen hans er levande både for lesarar og forskarar, er det faktisk like lenge sidan den førre forskingsantologien om Hauge, Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap, vart gjeven ut.
Det er med andre ord duka for å lese Olav H. Hauge på nytt. I Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting skriv Idar Stegane, Fredrik Parelius, Stein Arnold Hevrøy, Henrik Indergaard, Ingrid Nielsen, Ingrid Skjerdal, Erling Aadland, Hadle Oftedal Andersen, Ole Karlsen og Torgeir Skorgen særleg om samverknaden mellom lesing og dikting, men også om poetiske rom, einsemd og himmellekamar hos Olav H. Hauge.
Den særeigne samanvevinga av eigne røynsler og opplevingar med stor diktekunst gjer at dikta til Hauge har ei eiga evne til å fornye seg; dei har alltid noko nytt å by på, sjølv for røynde Hauge-lesarar. Det er nok også ein av grunnane til at så mange forskarar har kasta seg over diktinga hans. Hauges diktarlandskap er konkret, men det rommar også mykje av anna dikting, og slik gjev det rom til mange ulike innfallsvinklar og lesemåtar.
Chapters
-
Forord
-
Innleiing
-
Olav H. Hauge og norrøn tradisjon
-
Når berget «opnar seg»På innsida av berget i Olav H. Hauges dikting
-
«År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene»Olav H. Hauges boksamling som kjelde til innsikt i forfattarskapen hans
-
Om Aukrusts påvirkning på HaugeEn kommentar til «Skåli», «Til ein gamal meister», «Fela», «Eg ser på ein gamal spegel» og «Gullhanen»
-
«her gjeng elvi i ring, i ring – »Om poetiske rom i nokre av Olav H. Hauges dikt
-
«Plukka månar» … «sløkkje stjernor»Himmellekamar i dikt av Olav H. Hauge
-
Hauge og sanninga
-
"Seljefløyta", Verlaine og parnassianismen
-
Brakylogi, lakonisme, gnomiske diktEi linje i Olav H. Hauges dikting
-
«Teikn er me, utan meining»Om krig og verdslitteratur hos Hölderlin og Hauge
References
Downloads
Published
Categories
License

This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.