Her må då ordi koma: Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting

Authors

Stein Arnold Hevrøy (ed)
Olav H. Hauge-senteret
Ole Karlsen (ed)
Høgskolen i Innlandet
Ingrid Nielsen (ed)
Universitetet i Stavanger
Fredrik Parelius (ed)
Universitetet i Bergen

Keywords:

Olav H. Hauges dikting, Nye lesingar

Synopsis

I 2024 er det 30 år sidan Olav H. Hauge døydde, og sjølv om forfattarskapen hans er levande både for lesarar og forskarar, er det faktisk like lenge sidan den førre forskingsantologien om Hauge, Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap, vart gjeven ut.

Det er med andre ord duka for å lese Olav H. Hauge på nytt. I Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting skriv Idar Stegane, Fredrik Parelius, Stein Arnold Hevrøy, Henrik Indergaard, Ingrid Nielsen, Ingrid Skjerdal, Erling Aadland, Hadle Oftedal Andersen, Ole Karlsen og Torgeir Skorgen særleg om samverknaden mellom lesing og dikting, men også om poetiske rom, einsemd og himmellekamar hos Olav H. Hauge.

Den særeigne samanvevinga av eigne røynsler og opplevingar med stor diktekunst gjer at dikta til Hauge har ei eiga evne til å fornye seg; dei har alltid noko nytt å by på, sjølv for røynde Hauge-lesarar. Det er nok også ein av grunnane til at så mange forskarar har kasta seg over diktinga hans. Hauges diktarlandskap er konkret, men det rommar også mykje av anna dikting, og slik gjev det rom til mange ulike innfallsvinklar og lesemåtar.

Chapters

  • Forord
    Stein Arnold Hevrøy, Ole Karlsen, Ingrid Nielsen, Fredrik Parelius
  • Innleiing
    Stein Arnold Hevrøy, Ole Karlsen, Ingrid Nielsen, Fredrik Parelius
  • Olav H. Hauge og norrøn tradisjon
    Idar Stegane
  • Når berget «opnar seg»
    På innsida av berget i Olav H. Hauges dikting
    Fredrik Parelius
  • «År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene»
    Olav H. Hauges boksamling som kjelde til innsikt i forfattarskapen hans
    Stein Arnold Hevrøy
  • Om Aukrusts påvirkning på Hauge
    En kommentar til «Skåli», «Til ein gamal meister», «Fela», «Eg ser på ein gamal spegel» og «Gullhanen»
    Henrik Indergaard
  • «her gjeng elvi i ring, i ring – »
    Om poetiske rom i nokre av Olav H. Hauges dikt
    Ingrid Nielsen
  • «Plukka månar» … «sløkkje stjernor»
    Himmellekamar i dikt av Olav H. Hauge
    Ingrid Skjerdal
  • Hauge og sanninga
    Erling Aadland
  • "Seljefløyta", Verlaine og parnassianismen
    Hadle Oftedal Andersen
  • Brakylogi, lakonisme, gnomiske dikt
    Ei linje i Olav H. Hauges dikting
    Ole Karlsen
  • «Teikn er me, utan meining»
    Om krig og verdslitteratur hos Hölderlin og Hauge
    Torgeir Skorgen

Author Biographies

Hadle Oftedal Andersen, Universitetet i Stavanger

Hadle Oftedal Andersen, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger, bokmeldar i Klassekampen. Har mellom anna utgitt Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge (2002), Ikke for ingenting. Jon Fosses dramatikk (2004), Kroppsmodernisme (2005), Bygdemodernisme. Tarjei Vesaas og dei ytste ting (2015) og Modernisme for dei minste (2021).

Stein Arnold Hevrøy, Olav H. Hauge-senteret

Stein Arnold Hevrøy, master i filosofi, konservator på Olav H. Hauge-senteret i Nynorsk kultursentrum. Han har publisert artiklar om poetane Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy, og om tenkarar som Friedrich Nietzsche og Gilles Deleuze. Er med i redaksjonsgruppa til Krabben – Tidsskrift for poesikritikk, og har vore redaktør for antologiane Å verte vâr verda att. Åtte tekstar om lyrikk (2020, sm. m. Ole Karlsen og Ingrid Nielsen) og Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege. Ti tekstar om lyrikk (2023, sm. m. Ingrid Nielsen og Fredrik Parelius).

Henrik Indergaard

Henrik Indergaard har doktorgrad i gresk og en særlig interesse for Pindar og Bakkhylides.

Ole Karlsen, Høgskolen i Innlandet

Ole Karlsen, professor emeritus i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Innlandet. Har skrive bøkene Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), Ekfrasen i moderne norsk lyrikk (2003), Streiflys. Om norsk og nordisk lyrikk (2006), Papirets flate med teikn. Lesingar i den norske lyrikkens kanon (2017) og Flisa-seminaret – en skole og litteraturhistorie (2022). Han har bl.a. vore redaktør for Edda og Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning, vore kritikar i Dag og Tid og skrive ei rekke artiklar, særleg om moderne norsk og nordisk lyrikk. Han har også redigert et 30-tals litteraturvitskapelege antologiar.

Ingrid Nielsen, Universitetet i Stavanger

Ingrid Nielsen, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Stavanger. Har skrive om poetisk skaping og grenseerfaring hos blant andre Paul Celan, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge, og redigert fleire vitskapelige antologier, sist Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege. Ti tekstar om lyrikk (2023, sm.m. Stein Arnold Hevrøy og Fredrik Parelius). Ho har også eit skjønnlitterært forfatterskap og har utgitt diktsamlingane Hemmelig, men aldri som en tyv (2016) og Den andre Jakobsstigen (2020).

Fredrik Parelius, Universitetet i Bergen

Fredrik Parelius, universitetslektor og ph.d.-stipendiat i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Skriv på ei avhandling med arbeidstittelen I tilregnelighetens randsone – galskap og selvfremstilling i poesien til Kristofer Uppdal, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge. Har redigert antologien Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege. Ti tekstar om lyrikk (2023, sm.m. Stein Arnold Hevrøy og Ingrid Nielsen).

Torgeir Skorgen, Universitetet i Bergen

Torgeir Skorgen er professor i tysk litteratur ved Universitetet i Bergen og har gitt ut fleire bøker og artiklar om tysk og norsk litteratur, idehistorie, hermeneutikk og grensepoetikk. I den seinare tida har han vore særleg oppteken av grenseflata mellom litteratur, filosofi og antropologi. Han har også omsett Hölderlin til nynorsk og vore redaktør for Utopi og undergang: Poesi i krisetider (2019) Hermeneutisk lesebok (2001) og Hermeneutikk - en innføring (2006) og dessutan skrive bøkene Wergelands jødesak – nasjonsbygging og toleranse (2024) og Rasenes oppfinnelse (2002).

Ingrid Skjerdal, Høgskolen i Innlandet

Ingrid Skjerdal er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskolen i Innlandet. Ho disputerte i 2019 på ei avhandling om balladetrekk hos J.P. Jacobsen, Sigbjørn Obstfelder, August Strindberg og Hans E. Kinck. Den siste publikasjonen hennar er «...loddent sølv av kratt rundt himlens grøfter - om folkedikting og himmelsyner i ‘Sko, sko blakken’ av Ingeborg Refling Hagen» (2022).

Idar Stegane, Universitetet i Bergen

Idar Stegane, professor emeritus i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Har m.a. gitt ut Olav H Hauges dikting (1974), Det nynorske skriftlivet (1987), «Medierevolusjon og modernisme» i B. Fidjestøl et al.: Norsk litteratur i tusen år (1994, ny utg. 1996), artikkelsamlinga Nordiske dikt i hundre år (2020/2022). Stegane har redigert nye utgåver av ei rad norske verk og skrive ei rekkje artiklar om norsk og nordisk litteratur, og har vore styremedlem i Det Norske Samlaget, Norsk barnebokinstitutt og Landslaget for norskundervisning.

Erling Aadland, Universitetet i Bergen

Erling Aadland, professor emeritus i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Disputerte i 1993 på avhandlinga «Forundring. Trofasthet». Poetisk tenkning i Rolf Jacobsens lyrikk (utgitt 1996). Har skrive mange artiklar og bøker om lyrikk, litteraturteori og sanglyrikk. Seinaste bøker er Litteraturens verden. En undersøkelse av litteraturens antinomier (2019) og Dylan og diktet (2022).

Hauge Cover Image

Downloads

Forthcoming

28 August 2024

Categories

Details about this monograph

ISBN-13 (15)

978-82-8390-155-9

How to Cite

Her må då ordi koma: Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting. (2024). Novus forlag. https://omp.novus.no/index.php/novus/catalog/book/34