Steinmål og strengesong: Om Ragnvald Skredes lyrikk

Authors

Ole Karlsen (ed)
Høgskolen i Innlandet
Kristian Lødemel Sandberg (ed)
Høgskolen i Innlandet
Ingrid Skjerdal (ed)
Høgskolen i Innlandet

Keywords:

Ragnvald Skrede, Visdomslitteratur, kjærleiksdikting, ungdomsperspektiv, kjempande humanisme, Femtitalsmodernisme, sjangrar og form, tradisjon og fornying, gjendikting

Synopsis

«Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har», skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE (1904–1983) debuterte med Det du ikkje veit i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta – den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida.

For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.

Chapters

  • «Ragnvald Skredes underligt oföranderliga poesi»
    Introduksjon
    Ole Karlsen, Kristian Lødemel Sandberg, Ingrid Skjerdal
  • Ragnvald Skrede mellom biografi og modernisme
    Jan Inge Sørbø
  • «Når visdomssteinen er funnen»
    Visdomslitteratur som inngang til Skredes lyrikk
    Kristian Lødemel Sandberg
  • «Ung skal ein drøyme vilt»
    Eit ungdomsperspektiv på Ragnvald Skredes forfattarskap
    Elin Stengrundet
  • «Fordi du såg idéen i meg»
    Ragnvald Skrede og kjærligheten
    Silje Solheim Karlsen
  • «Du dirrar av gir»
    Om endelaus gir i Ragnvald Skredes debutsamling Det du ikkje veit (1949)
    Ingrid Nielsen
  • «No får eg ei røyst og kan syngje min song»
    Retning, rytme og røyster i dikt av Skrede
    Ingrid Skjerdal
  • I ormegarden
    Ragnvald Skredes ekfraser
    Ole Karlsen
  • Ragnvald Skredes sonetter
    En presentasjon
    Ole Karlsen
  • «Eit anna eg»
    Ragnvald Skrede og sonettane til William Shakespeare
    Svenn-Arve Myklebost

Author Biography

Ole Karlsen, Høgskolen i Innlandet

Ole Karlsen, professor emeritus i nordisk litteraturvitenskap ved Høgskolen i Innlandet. Har skrive bøkene Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), Ekfrasen i moderne norsk lyrikk (2003), Streiflys. Om norsk og nordisk lyrikk (2006), Papirets flate med teikn. Lesingar i den norske lyrikkens kanon (2017) og Flisa-seminaret – en skole og litteraturhistorie (2022). Han har mellom anna vore redaktør for Edda og Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning, vore kritikar i Dag og Tid og skrive ei rekkje artiklar, særleg om moderne norsk og nordisk lyrikk. Han har også redigert eit 30-tals litteraturvitskapelige antologiar.

Steinsmål og strengesong Cover

Downloads

Published

4 September 2024

Categories

Details about this monograph

ISBN-13 (15)

978-82-8390-156-6

How to Cite